![]() |
![]() |
||||
Sist endra: |
Om selskapet Odda Rutebuss AS er eit privat aksjeselskap med 14 aksjeeigarar. Eigarane er idag stort sett frå dei same familiane som har vore med frå starten tidleg i 1920 åra.
Fram til august 2008 var lokal rutekøyring i tettstaden Odda og Tyssedal viktigaste oppgåve for selskapet. 15.mai 2007 vedtok Fylkesutvalet å kokurranseutsetja kollektivtrafikken i fylket. Tilbodspakkane det vart lagt opp til var altfor store og omfattande for selskap i vår storleik.
Etter 84 år med rutekøyring vart det for Odda Rutebuss AS i august 2008 slutt med denne aktiviteten. Frå denne tid er Odda Rutebuss AS eit reint turbilselskap. Som medeigar i turoperatørselskapet Sør Vest Reiser AS er vi i stand til å tilby det meste innan bransjen, og med høg kvalitet.
Odda Rutebuss AS driv òg salg av diesel, fyringsoljer,parafin og smøreoljer for YX-Energi Norge AS, og utleige av minibuss og varebil.
Odda Rutebuss AS har tilhald i eige bygg på Ragdesletta sentralt i Odda sentrum.
|
||||
|
|