![]() |
![]() |
|||||||||||||||||||||||||||
Sist endra: |
Historie frå 1980 - Frå 1980 vart selskapet omdanna frå andels (ansvarleg) selskap til aksjeselskap. Frå same året fekk Odda Rutebuss AS stønad til rutedrifta frå staten. Grunnen til at selskapet kom inn under tilskotsordninga, var at ruteområdet også skulle omfatta Freim, Ragde og Tokheim. Frå våren 1980 vart det inngått leigeavtale med HSD Bilane om leige av garasjeplass i deira bygg på Ragde. Avtalen omfatta også leige av vaske og smørehall samt reparasjon av bilane.
Passasjertalet i ordinære ruter gjekk framleis ned utover i 80- åra. Arbeidsrutene til DNN Aluminium vart innstilt i september 1982 p.g.a. produksjonstans. Denne transporten hadde ORB då utført frå 1.januar 1966 då Magnus Opedal som hadde stått for denne transporten, slutta av på grunn av alder. Dette var ein betydeleg inntektspost for Odda Rutebuss. Kostnadssparing ved Norzink AS gjorde at det også spøkte for arbeidsrutene til denne bedrifta. Kontraktskøyringa for Norzink AS vart avslutta 31.mars 1988. Denne arbeids- køyringa hadde selskapet frå 1.januar 1977 då "ms Lindenes" slutta av. I 1986 vart Renovasjonstransport AS stifta. Dette selskapet dreiv innhenting og transport av avfall frå butikkar og bedrifter i kommunen. Dette vart drive med spesialbilar og i samarbeid med Lastebilkontoret. I tillegg dreiv selskapet og vanleg lastebiltransport. Renovasjons- 1.juli 1987 starta ORB med godstransport for Linjegods AS. Selskapet køyrer dagleg godsrute frå Haugesund til Odda og vidare utover fjorden til Kinsarvik. Til Utne og Eidfjord køyrer vi annankvar dag.
I 1991 kjøpte ORB seg inn i Sør Vest Reiser AS. Dette er eit turoperatørselskap som produserer bussreiser, selskapet har kontor i Stavanger. Eigarane er ni ruteselskap, åtte i Rogaland og Odda Rutebuss AS i Hordaland. Sør Vest Reiser AS leiger bussmateriell av eigarane. Selskapet har vorte ein betydeleg aktør i denne marknaden og turane går over heile Europa. Dette samarbeidet fører til at ORB kan delta for fullt i denne marknaden, og være konkurransedyktig på dei fleste oppdrag. Sør Vest Reiser AS skreddarsyr også gruppeturar etter kundene sine ynskjer. Tur og ekstrakøyring har dei seinare år utvikla seg til å verta ein viktig attåtnæring for Odda Rutebuss AS. Under OL på Lillehammer i 1994 var det fleire bussar og sjåførar frå Odda Rutebuss AS som frakta sponsorar og tilskodarar til og frå arrangementa.
Odda Rutebuss AS hadde i slutten av 90 åra og utover på 2000 talet rundt 18 tilsette, 11 bussar, 5 lastebilar og 2 leigebilar. Totalt rullar bilane rundt 470.000 kilometer i året. Odda Rutebuss er eit av dei få små private ruteselskapa som framleis eksisterer. Selskapet er eigd av Odda-familiar og har 14 aksjeeigarar. ORB var 84 år i 2008, som var siste året med ordnær rutedrift. Rutebilnæringa har i ei årrekke vore utsett for samanslåingar og oppkjøp, slik at det for det meste er store selskap som driv kollektivtrafikken idag. Desse store selskapa går så saman i ulike samarbeidseiningar for å møta aukande konkurranse, og stadig knappare rammer frå myndigheitene. I 1996 inngjekk ruteselskapa i Hordaland ein fire årig effektiviseringsavtale med fylkeskommunen. Denne avtalen skal redusera Hordaland Fylkeskommune sine utgifter til kjøp av transporttenester i avtaleperioden med 60 millionar kroner. Avtalen skal ikkje medføre dårlegare kollektivtilbod for brukarane. Dette medfører store utfordringar for næringa som stadig får knappare marginer å arbeida under. Hordaland er eit av dei store buss-fylka i landet. Tett opp mot 1000 bussar og vel 2000 tilsette er knytt til bussdrifta. For få år sidan var dette fordelt på 11 ruteselskap. 15.mai 2007 vedtok Fylkestinget å leggja kollektivtrafikken i fylket ut på anbod. Rutepakkane som vart lyst ut var store og omfattande og det var uråd for små selskap, som ORB å delta i denne konkurransen. Frå august 2008 er Odda Rutebuss AS eit turbilselskap som i tillegg driv utleige av minibuss og varebil, salg av oljeprodukter for YX-Energi AS og utleige av lokaler.
[ Historia frå 1924 til 1979 ] - [ Hovudside for Historie ]
|
|||||||||||||||||||||||||||
|
|